annonse

Mildver

Dårleg ver gjer at vi no held stengt. Vi vurderer fortløpande kortid vi kan opne igjen. Følg med på heimesida.

Re-opning

Det har vore ein krevande vinter med lite snø og varierande ver. Imidlertid ser det no lysare ut; det har kom litt snø og Yr har meldt meir framover. I løpet av natta/morgontimane vil våre eminente prepparar trakke nedfartane etter alle kunstens reglar slik at alle nedfartar skal vere klar til i morgon kl 11:00. Velkommen !

Opning hovudbakken lørdag 25. 2.

Ved hjelp av kunstsnø og natursnø er vi endeleg der at vi kan opne hovudbakken for andre gong i år. Det er meldt litt snø/nedbør no framover og vi håpar på kjøleg veir og naturleg påfyll etterkvart slik at vi kan halde ope i vekene framover.

Vinterferien står for døra

Stengt måndag kveld grunna mykje regn!

Som tidlegare annonsert vil vi ha open familiebakken på kveldstid i vinterferien, vi håper sjølvsagt på godt ver. Følg med på Facebooksida til Blomlia, der vil det bli lagt ut evt endringar i opningstider om veret ikkje spelar på lag med oss.

Opning i morgon

Endeleg er vi klar til å opne igjen !   I første omgang opnar vi Familiebakken.  Her er rikeleg med kunstsnø som vi no preppar utover slik at vi skal bli klar til opning i morgon kl 11:00

Vi har produsert snø heile veka også i hovudbakken.  Men her treng vi litt fleire dagar med kulde for å komme i mål.  Følg med på heimesida her !

Sturle sjekkar her at alt fungerer som det skal !

Sturlesnøprod10.2.2017

 

Endeleg kulde !

snøproduksjon feb 2017

Snøproduksjonen er no i gang igjen etter ein lengre periode med mildver og snøsmelting.  Vi prioriterer først familiebakken.  Vi har litt gammal snø i bakken, og med optimale forhold skal det ikkje ta lang tid før vi er i gang igjen.

Straks vi er klar med familiebakken vil vi fortsette snøproduksjonen i hovudbakken.

Følg med !

 

Hovudheisen opnar søndag 15. januar!

Søndag opnar vi hovudheisen heilt til topps med nedfart gjennom «Skogsløypa».
Det er komt bra med snø i høgda og så lenge kuldegradene held seg vil det vere fine forhold i bakken.

Nedre del av hovudbakken er avstengt for snøproduksjon, og vi ber publikum respektere det.

Opningstid søndag:  11:00 – 17:00

Gratis parkering – Kiosk – Skiutleige – Grillstove

Velkommen i bakken !

 

 

 

 

 

Familieheisen opnar fredag 13.1!

Fredag 13. januar opnar vi familieheisen i Blomlia!!!
Vi har ope 18-21

Det er framleis for lite snø til å opne hovudheisen, men viss værgudane er med oss håpar vi snart å kunne utvide tilbodet.
Føl med på facebook og nettsida for oppdateringar

Velkommen til ein ny sesong!

SESONGAVSLUTTNING!

Dårlege meldingar gjer til at vi held stengt onsdag!
Men for helga er det bra meldingar, så då kan det verte ei flott avslutningshelg!
Velkommen til sesongavslutttning i Blomlia i helga!

Ordinære opningstider:

Måndag 18:00 - 21:00
Tysdag 18:00 - 21:00
Onsdag 18:00 - 21:00
Torsdag Trening FIL ALPIN. Stengt for publikum.
Fredag 18:00 - 21:00
Laurdag og Søndag 11:00 - 17:00

Påskeveka 11.00 - 17.00