Archive for the ‘Nyhende’ Category

Velkommen i Blomlia søndag 3. april :)

Vi våkna opp til ein strålande dag i dag, vi har ope frå kl 11.00
Sesongen er på hell, så kom å nyt dagen i Blomlia!

Føl med på nettsida og facebook for endringar på kort varsel!

STENGT laurdag 2. april

Grunna melding om mykje regn laurdag held vi stengt
Prøvar igjen på søndag! Velkommen ut då!
Føl med på nettsida og facebook for endringar på kort varsel!

OPNINGSTIDER FRAMOVER

Ope onsdag, fredag, laurdag og søndag
(Stengt måndag, tysdag og torsdag)

Føl med på nettsida og facebook, endringar kan kome!

Vi har ope heile påska :)

0924086

Vanleg opningstider denne veka!

Måndag 18-21
Tysdag 18-21
Onsdag 18-21
Torsdag stengt
Fredag 18-21
Laurdag 11-17
Søndag 11-17

Velkommen i Blomlia!

Også bortoverski

Vi minner om at det no også er fine forhold i langrennsløypa vår,  avmerka med stipla grøn linje på løypekartet.  Løypa er lett kupert og har lys.  Og vi har gratis parkering !

IMG_2401[1]

Alpinsamling med Even Hole denne helga

Laurdag og søndag 20 – 21. februar inviterer Even Hole i Sogn og Fjordane Skikrins til alpinsamling i Blomlia, såkalla «Alpin PreCamp» for dei alpinistande som seinare i mars skal delta på Telenor landsfinale og Hovudlandsrenn. Merk at storslalomtreningane (tek mest plass) vert gjennomført før ordinær opningstid 11:00, men det er full adgang til å komme å sjå alpinistane trene. Utdrag frå programmet under.

Merk at under slalomtreninga er det løyper kun frå slalomstart og ned, så publikum skal også plenty av areal å boltre seg på begge dagar i familiebakken og i storbakkkeh.

Laurdag 20. februar 2016
Kl. 08.30-11.00: SSL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia).
Kl. 11.00-12.30: Lunsj og pause
Kl. 12.30-14.30: SL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia)

Søndag 21. februar 2016
Kl. 08.30-11.00: SSL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia)
Kl. 11.00-12.30: Lunsj og pause
Kl. 12.30-14.30: SL i Sunnfjord Skisenter (Blomlia)

Lenke Førde IL Alpin si heimeside

 

Nysnø

Det har snøa litt heile veka og det betyr gode forhold i heile anlegget. Alle nedfartar er ny-preppa i full breidde. Der er også rikeleg med areal for laussnø-køyring.

I dag ope dagtid og kveld, velkommen !

Knall-forhold

Alle nedfartar er ny-preppa og det har i løpet av natta lagt seg eit tynt lag med nysnø på toppen, med andre ord knall-forhold.  I familiebakken er det montert ulike apparat og det er opparbeidd ei eiga kule-løype.

Opning i dag, 11:00 – 17.00 og 18:00 – 21:00IMG_2385[1]

0900448

Ordinære opningstider:

Måndag 18:00 - 21:00
Tysdag 18:00 - 21:00
Onsdag 18:00 - 21:00
Torsdag Trening FIL ALPIN. Stengt for publikum.
Fredag 18:00 - 21:00
Laurdag og Søndag 11:00 - 17:00

Påskeveka 11.00 - 17.00