Nyhende Nyhende
på e-post, meld deg inn/ut her.
Fint ver i helga! - 03. February 2012
Dei siste dagane har det kome litt lett snø og forholda i Blomlia er fine i helga.
Det er meldt nokon minusgrader og opphaldsver laurdag. Sundag får vi kanskje meir nysnø så det lovar godt for ei fin skihelg.
Gle deg........ - 29. January 2012
Måndag 30. janauar er det skiskule i Blomlia.
Det er ope frå kl 18 - 21
Gle deg til nok ei fin veke!!
Velkommen
Vi har....... - 28. January 2012
Søndag har vi ope frå kl 11 - 17. Det er meldt flott vær og nokon kuldegrader.
Vi har klar grillhytte, skiutleige, kiosk og varmestove mao. Kom og opplev Blomlia!!
Snøproduksjon, kuldegrader og Kongleskiskule!! - 22. January 2012
Minner om Kongleskiskulen måndag kveld.
Bakken er preppa og klar for nye aktivitetar. Søndag kveld har vi kuldegrader og snøproduksjonen er i gang.
Velkommen
Helga i Blomlia!! - 20. January 2012
Laurdag vert det årlege Blomlia-rennet arrangert.
Rennstarten er kl 1100.
Starten i barnebakken er kl 1230 og premieseremonien er kl 1430
Det er mykje nysnø og godt preparert løyper (både familieløypa og hovudbakken).
Søndag er det meldt fint ver og nokon få minusgrader.
Velkommen til nok ei flott skihelg!!!
Alpintrening! - 18. January 2012
Torsdag 19. januar er det alpintrening i Blomlia. Det betyr at vi har stengt denne kvelden, men fredag 20. januar har vi ope som vanleg frå kl 18 - 21.
Det er meldt nokon få minusgrader og opphaldsver fredag kveld.
Kongleskiskulen - 16. January 2012
I kveld vert det arrangert 2. dag med Kongleskiskulen i Blomlia.
Arrangør: Sparebanken Sogn og Fjordane og Førde IL Alpin.
Velkommen
Helga i Blomlia - 14. January 2012
I dag og i morgon er det meldt skya og delvis skya opphaldsvær. Det vil nok bli nokon fine dagar i Blomlia. Det er meldt nokon minusgrader, så det kan vere greitt å vere godt kledd.
I morgon er det meldt nokon få grader mildare.
Vi minner om at alle må lade key-card dersom ein ikkje har sesonkort. Prisen for eit
key-card er kr 75,-.
Noko av tilboda våre er;
1/1 dagskort
1/2 dagskort
10 turar
1 tur
1 dags kort
2 dags kort
4 dags kort
Skiutleige
Kiosk
Varmstove
Grillhytte
Familie løype
Velkommen!
Key-card - 09. January 2012
Gjer merksam på at alle må ha key-card. Desse kostar kr 75,- og vert lada opp til dei som ikkje har sesongkort.
Fine forhold ! - 09. January 2012
Det har kome ein god del snø sidan i går og nedfartane blir no preppa etter alle kunstens reglar.
Det ligg difor tilrette for ein fin kveld i Blomlia så det er berre å ta turen !
Forholda i Blomlia!!! - 08. January 2012
Vi skriv søndag 8. januar og det er ein flott dag i Blomlia. Det er greie forhold i bakken, det er nokon minusgrader så det kan vere litt kaldt på toppen..
Kle deg godt og ta turen i Blomlia!!
Torsdag 5. Januar xtra - ope - 04. January 2012
Alpingruppa er på skisamling denne veka. Vi har ekstra ope torsdag 5. Januar frå kl 18 - 21.
Det er meldt fint ver og nokon få minusgrader. Vi har fine snøforhold og ynskjer våre brukarar velkommen til gode skiopplevingar
OPNING ! - 03. January 2012
Det har i natt kome ein god del snø og det betyr at det blir opning av anlegget i kveld kl 18.00. Heile anlegget med alle nedfartar blir opna.
Vi ynskjer velkommen til eit nytt år i Blomlia !
Godt Nyttår - 31. December 2011
1. Nyttårsdag er Blomlia stengt. Følg med på nettsida når tid det blir opning.
Vi ynskjer alle våre brukarar eit riktig Godt Nyttår!
Styret
Blomlia 30.12.2911 - 29. December 2011
Det har kome lite snø dei siste dagane. Opninga fredag 30.12. er utsett inntil vidare. Følg med på heimesida for når tid det blir opning.
Vi beklager dette!
Opning - 28. December 2011
Når uværet no har gitt seg treng vi torsdagen til div. utbetring/opprydding i anlegget.
Vi tar difor sikte på opning fredag kl 11.00.
Straumen er tilbake - 28. December 2011
Vi har no fått tilbake straum i anlegget og vi sjekkar no tilstanden etter uværet.
Følg med på heimesida !
4. Juledag - 28. December 2011
På grunn av ustabilt straumnett i Blomlia dei siste dagane og opprydding etter uværet er det framleis stengt i Blomlia. Vi beklager dette.
Følg med på nettsida for informasjon om når tid vi opnar.
Straumstans - 26. December 2011
Skianlegget er i dag utan straum. Det er uvisst kortid vi kan vere igang igjen.
Nærmare informasjon på heimesida her.
Stengt 1. juledag - 25. December 2011
På grunn av dårlege vermeldingar og mykje nedbør er det stengt i Blomlia 1. juledag.
GOD JUL ! - 22. December 2011
Styret i Sunnfjord Skisenter AS ynskjer alle brukarar, dugnadspersonale, sponsorar og støttespelarar ei retteleg God Jul !
Vi møtast i Blomlia i romjula !
Styret
Opningstider i jula - 20. December 2011
I kveld tysdag er det siste opning før jul.
I jula har vi desse opningstidene:
1. juledag: 14.00 til 17.00
27. 12. til 30. 12.: 11.00 til 17.00
1. nyttårsdag: 14.00 til 17.00
Opningstider - 18. December 2011
Etter ein fin sesongstart i dag har vi no ope mandag og tysdag frå 18.00 til 21.00. Opningstider for resten av veka blir meldt seinare.
OPNING!!!!! - 17. December 2011
Sundag 18.12.2011 kl 1400 opnar skisesongen i Blomlia 2011/2012.
Vi opnar alle nedfartar frå toppen og ned. I øverste delen av anlegget har vi ikkje produsert snø, så der kan det vere parti med mindre snø.
Vi gjer merksam på at pga. nytt billettsystem og aktivering av keycard kan det bli litt kø i billetluka.
Vi ber om forståing for dette.
Velkommen til ny skisesong!!!!
Det nærmar seg opning!! - 17. December 2011
Det har kome ein del snø i det siste og det begynner å nærme seg opning i Blomlia!!
Følg med på nettsidene for eksakt opningsdato/tid!!
Info. om Keycard - 15. December 2011
Som dei fleste veit har vi investert i nytt keycard system for kommande sesong.
Dei som har kjøpt sesongkort på førehand hos DIN SPORT og ikkje har keycard, må kjøpe dette i kiosken første gangen dei kjem i Blomlia.
Prisen for keycard er kr 75,- pr. stk.
Dei som har keycard frå før, og har kjøpt sesongkort hos DIN SPORT kjem innom kiosken i Blomlia og får dette aktivert.
Snø og kuldegrader!! - 07. December 2011
Det har snødd ein del i Blomlia dei siste dagane og vi har hatt kuldegrader slik at vi har fått produsert kunstsnø. Kuldegradene ser ut til å halde seg framover.
Har du hugsa å kjøpe sesongkort før opning? Det er framleis muleg å få kjøpe kort på Din Sport i Handelshuset.
Kampanjepris før opning kr 1 500,- pr.stk.
Nytt av i år er Skicard og det vert mulegheit for å kjøpe Fjordapass der du kan få stå på ski både i Jølster og Sunnfjord Skisenter.
|